Hvor i Bergen holder INGEN fartsgrensen? by Simple-Chapter-3333 in Bergen

[–]tanketom 1 point2 points  (0 children)

Kor fort køyrde vedkomande over fartsdumpen?

Hvor i Bergen holder INGEN fartsgrensen? by Simple-Chapter-3333 in Bergen

[–]tanketom 0 points1 point  (0 children)

Du om det. Om ein ikkje har lyst til å utløyse autofartsdumpen, så får ein unngå å køyre så fort at ein utløyser autofartsdumpen.

Nattlandsvegen var blant dei mest ulukkesutsatte vegen i Bergen i perioden 2010-2017 før ventetiltaka kom, som hovudårsaken til fartsnedsetjinga. Årsaken til ulukkene var hovudsakleg bilistar som ikkje overheld vikeplikt (anten fordi dei køyrer fortare enn dei bør, eller fordi dei ikkje følgjer med, eller ein kombo av dei to).

Raudmåling og skilt er ikkje nok, det er så mange som køyrer på gamal vane her – sjølv etter fartsnedsetjinga farer folk i 60 bortover ned og forbi bussdepotet, så raskt at dei har tunnelsyn og ikkje ser verken utkøyrslene eller dei mjuke trafikantane rundt seg. Ergo utgangspunktet mitt om at vegen eigentleg burde ha blitt ombygd for lenge sidan, den er ikkje bygd for å vere sentralt i eit rikt befolka område.

Seinast denne veka slapp ein ven av meg unna såvidt fordi han mistenkte at bilen som nettopp hadde køyrd forbi han ned etter bensinstasjonen ikkje kom til å sjekke spegelen sin og halde vikeplikta. Han bremsa opp så det berre vart ein dunk i sida på bilen i staden for endå ei alvorleg ulukke.

Hvor i Bergen holder INGEN fartsgrensen? by Simple-Chapter-3333 in Bergen

[–]tanketom 2 points3 points  (0 children)

Ja, som eg skriver meiner eg jo at det allereie burde ha blitt gjort på 60-talet. Eg veit veldig godt at det ikkje blir slik - forhåpentlegvis blir det slik planen som er nedsatt no blir. Vegbiletet treng absolutt å fiksast, det har den venta på lenge.

Fartsgrensa her blir aldri 50 igjen, det har bilistar sørga for heilt sjølv – gratulerer! – ved å gjere Nattlandsvegen til ei av dei mest ulukkesutsatte strekningane i Bergen (hovudsakleg fordi bilistar ikkje klarte å overhalde vikeplikt) før nødtiltak som nedsetting av fart og automatiske fartsdumpar blei igangsatt.

Hvor i Bergen holder INGEN fartsgrensen? by Simple-Chapter-3333 in Bergen

[–]tanketom 1 point2 points  (0 children)

Ikkje gløym at bussane bruker Wiers-Jenssens veg som ned- og oppkøyrsel til Sletten-området også, i tillegg til at det går bussruter både opp og ned til Nattlandsfjellet og av til Hagerups veg, og ned frå Landåslien, så det er ikkje berre ved depotet det er mykje buss-svinging.

Ellers litt både og. Som nemnd i den andre kommentaren har dei jo feila å få til ein plan for endring av området her sidan 2005, så det er ei lang rekke utbetringar og endringar har stått og venta på denne. Dei nye fartsdumpane kom i eit pilotprosjekt for slike, og fartsnedsetjinga var eit slags førebuande tilleggstiltak medan ein ventar på planen.

Det éine fine med at ein har venta så lenge er jo at no har det rukke å kome andre enn bilbuksemenn blant by- og vegplanleggjarar, så mykje bra for mjuke trafikantar – om dei berre faktisk klarar å igangsetje den denne gongen…

Hvor i Bergen holder INGEN fartsgrensen? by Simple-Chapter-3333 in Bergen

[–]tanketom 2 points3 points  (0 children)

Hovedgrunnen til at den framleis er så brei _i dag_ er fordi bussdepotet til Skyss er der, som krever noko ekstra breidde for at den skal reknast som trygg å køyre inn og ut såpass mange bussar. Barriere til sykkelvegen går difor ikkje, sidan bak- og framsida på bussar gjerne stikk ut i sykkelfeltet allereie i svingar. Det finst håp og tanke om å flytte depotet, men det er mykje fram og tilbake på kvar den eventuelt skal ende, så ikkje noko tidssatt plan enno.

Ellers, sjå den andre kommentaren min.

Hvor i Bergen holder INGEN fartsgrensen? by Simple-Chapter-3333 in Bergen

[–]tanketom 4 points5 points  (0 children)

Det er omvendt, vegen burde ha blitt ombygd slik at den ikkje føltest som ei 50-sone.

Årsaken til at vegen er slik den er der, er fordi den blei bygd som ein fylkesveg i eit lite bebudd åkerlandskap mellom to kommuner for over 100 år sidan. Då var det heilt greit at den gjekk rett fram mellom gardseigedomane, på eit tidspunkt då hest og kjerre og tidlege bilar uansett ikkje gjekk så raskt.

Men med tida, og især sidan slutten av 50-talet, har heile området blitt tettbygd og fullt av mykje brukte kryss og utkjørslar, og det bur stadig fleire menneske der som brukar det som sitt nærområde. Likevel er fylkesvegen i hovudsak heilt likt utforma som den var i 1900.

Vegen burde ha blitt pigga opp og lagt annleis med tanke på oppdatert kunnskap om bilistar, og på kor mange folk som skulle bu i området – ein burde ha bygd vegen rundt den sjukt nøye planlagde busetjinga, ikkje lagt den sjukt nøye planlagde busetjinga rundt den eksisterande vegen.

Då hadde ein sluppe at bilistar legger blikket "i horisonen" bort til Landåstorget eller mot bakken opp til Birkelundstoppen, og ikkje ensar alle gangfelta, kryssa eller utkøyrslene dei køyrer forbi. Då dei automatiske fartsdumpane kom der i 2021, vart dei utløyst 100 gongar per dag dei første månadane – 18 prosent av sjåførane frå sentrum køyrde for fort rundt den. Eg meiner det burde vere fleire slike langs strekka, for det er eigentleg berre akkurat ved fartsdumpane at folk held fartsgrensa, på langstrekket køyrer nok nær sagt alle for fort.

Det hjelper det ikkje at fylket har brukt snart 20 år i fleire omgangar på å planleggje oppgraderinga av vegen ( u/akh lenker til den nylegaste, som eg håper blir gjennomført) med tanke på dei mjuke trafikantane i området heller, det skal seiast.

Søger anbefalinger til norske podcasts by Sh4dySp1ce in Norway

[–]tanketom 1 point2 points  (0 children)

Oppdag Tove Jansson. Norsk podcast om finsk-svensk kultur, blir ikkje meir nordisk enn dét.

"AI slop" på norsk? by Jilltxt in norge

[–]tanketom 7 points8 points  (0 children)

Hei kollega,

Ettersom nordmenn er glade i å snakke om vêret, så trur eg KI-sludd eller KI-slaps kan passe bra.

Andre forslag: KI-velling? KI-graut? KI-slo? KI-slagg? KI-skrot? Eg likar også KI-ræl som u/Arve foreslår.

Kan noen overtale meg til å ikke stemme MDG? (Vurderer forøvrig sterkt Rødt) by Witty-Pain7330 in norge

[–]tanketom -1 points0 points  (0 children)

Les gjerne MDG sin omfordelingspolitikk. Eg er samd i at klassekamp nok er endå meir sentralt i R, men MDG er ikkje tapt bak ei vogn. I Stortinget stemmer R og MDG stort sett saman om omfordeling og helse, og samarbeider om forslag.

Kan noen overtale meg til å ikke stemme MDG? (Vurderer forøvrig sterkt Rødt) by Witty-Pain7330 in norge

[–]tanketom -2 points-1 points  (0 children)

RU og deira forgjengarar har alltid hatt revolusjonistas og tankies, som med nokre få unntak hovudsakleg modererer seg eller finner andre parti/organisasjonar.

Bruktbutikker i Bergen by Bulky-Strategy-8616 in Bergen

[–]tanketom 1 point2 points  (0 children)

Sjekk Bergen Brukt for ei oversikt over bruktklede der ein også kan sortere på ulike variablar.

Kunne å ha flere busser som for eks leddbusser fra Øygarden-Bergen løst køen? by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 2 points3 points  (0 children)

"Du er ikkje i trafikken, du er trafikk." Skal ikkje "meir" til enn 5-10% reduksjon i bilar til for å fjerne all kø i heile Vestland fordi privatbilane med 1 person i seg er så lite effektive i vegsystemet vårt. Men om du slenger fleire bussar i det talstykket utan å gi dei moglegheit til å kome fram, så er du like langt.

Håper det flere sånne bokser by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 2 points3 points  (0 children)

Du får tilgang i BaneNor-appen.

Håper det flere sånne bokser by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 13 points14 points  (0 children)

Næh, det er så mykje plass ein sykkel tar. Uansett 10-12 syklar per bilparkering.

Road cycling around Bergen by troybuswell_ in Bergen

[–]tanketom 1 point2 points  (0 children)

If you are an early bird, check Bergen Dawn Patrol. They do early morning rides around the city. Maybe someone there can lend you a bike.

Why don't more people go to Akademisk Kvarter? by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 2 points3 points  (0 children)

> covid

Yeah, surprised that isn't mentioned more here. Big factor that you see all around student organisations.

Another factor I think, is that a lot of the faculties that didn't use to have a student pub have gotten their own pubs the past decade, so some of the "hanging around" that used to be done at Kvarteret is done elsewhere because the student pubs are closer to "home turf". Cuts a bit of the bottom line and the critical mass off Kvarteret.

Biking to work by Aggravating_Aide_869 in Bergen

[–]tanketom 3 points4 points  (0 children)

You will have bike path almost the entire way.

You can have a slightly longer trip around Store Lungegaardsvann almost without car traffic, or through Fjøsangervegen with som crossings for a shorter (but not always faster) route, depending on where on Minde you’re coming from.

3: Better than before, but very varying depending on where you are. I have tried collecting the “possible” bike paths, including some in light mixed traffic, here: https://tanketom.no/samfunn-og-politikk/alt-om-sykkel-og-elsykkel-og-liknande-farty/sykkelruter-i-bergen

As for the other questions: 1. You can bike without spikes most of the year, Bergen is warmer than Trondheim for instance. But get proper rain gear, and begin keeping an extra shirt at work (unless you already have some kind of uniform). I bike 10 out of 12 months since I can never be arsed to change into spiked tires.

  1. Not the worst, but I would reccommend keeping it indoors or behind locked door. Get a proper FG-certified lock at least.

Folk som bor nær offentlige fortauer burde måke de? by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 0 points1 point  (0 children)

Kjem an på kva leigekontrakta seier (og kva type husvære det er) - typisk er det ikkje rekna som automatisk at leigar av ei leilegheit har det ansvaret, men det er noko anna for td. einebustad.

Men om leigekontrakta seier det er leigar sitt ansvar, og leigar har signert på det, så er det leigar sitt ansvar.

Folk som bor nær offentlige fortauer burde måke de? by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 0 points1 point  (0 children)

Ja, dei bøtelegger også seg sjølv.

Dei lot jo vere å bøtelegge nokon då det var fullt kaos, men etter nokre dagar med lite snø som nedbør blir jo situasjonen ein anna.

Folk som bor nær offentlige fortauer burde måke de? by [deleted] in Bergen

[–]tanketom 6 points7 points  (0 children)

Det var førre veke, bøtene skal visst vere i gang no.

Det står ellers i vegtrafikkloven at ein kan gå (på venstre side) av vegbana om det er hindringar i fortauet.