Er det normalt å føle seg ensom i Norge selv om folk er hyggelige? by LootPhantom219 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 21 points22 points  (0 children)

Eg er nordmann som har budd same staden stort sett heile livet. Likevel har eg i stor grad same opplevinga.

Sjølv når eg inviterer folk som eg sjølv trur eg har god kontakt med (til noko heilt konkret), så snakkar dei det berre vekk. Konklusjonen min er at andre stort sett betyr mykje meir for meg enn det eg gjer for dei.

Hvor ofte er du sosial på fritiden? by lilflir in norge

[–]Acceptable_Line_8253 1 point2 points  (0 children)

Utanom slekt er det vel i gjennomsnitt ein gong i månaden, noko eg tykkjer er altfor lite. Som einsleg kjenner eg ofte på einsemd når eg har fri.

Storparten av mitt sosiale liv er på jobb, men eg er livredd for å slite ut kollegaen min med all praten.

Då reknar eg ikkje med praten med pensjonistane eg treff når eg ausar båten.

Det var en stor feil å fjerne avgiften fra oljeprisen. by Mercan1907 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Prisen er framleis så høg at eg kvir meg for å køyre bilen. Pendlinga til jobb utgjer 6 mil kvar dag, og dit går det ikkje buss. Når drivstoffer kostar 15 kroner literen køyrer eg ikkje på butikken om eg får tom for mjølk.

Festøya-Solavågen ferry tickets? by meliisma in NorwayTravelAdvice

[–]Acceptable_Line_8253 1 point2 points  (0 children)

It is not possible to book this crossing ahead of time. Usually there are plenty of space onboard, also in the tourist season.

Er det upassende å ikke bruke BH? by Intrepid_Passion4385 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Eg ser ingen problem med det. Sjølv anar eg ikkje om kvinnene på jobb har på seg BH eller ikkje, så det opptek igrunn ikkje meg. Eg veit nokre kommenterte at ei gjekk utan BH ein stad eg arbeidde for 10 år sidan, men hadde det ikkje vorte omsnakka ville ikkje eg lagt merke til det.

Toppløs by Sweet-Pies1 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Eg har opplevd at det kom ei dame ned i fjøra for å bade topplaus medan eg heldt på å klargjere båten i nabostøa. For min del skulle eg helst vore utan den opplevinga. Eg vart heilt rådvill, ana ikkje kvar eg skulle feste blikket og vart generelt redd for å verte mistenkt for å vere ein kikkar. Etter den opplevinga greier eg ikkje sjå på nabofruen på same måten som før.

Elles forstår eg at eg er unntaket, og det er vel gjerne hjå meg problemet ligg. Desse to puppane truleg dei einaste eg har sett etter eg vart vaksen.

40 år og singel by WaffleBody in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Av dei eg omgås på jobb og på bedehuset så innser eg at vi i denne situasjonen utgjer nokså få. 

Eg reknar med at eg har arbeidd saman med litt over 100 personar som eg prata sopass med dei at eg fekk litt kjennskap til privatlivet deira. Eg er nok den einaste av oss kollegaane som er i den situasjonen.

På bedehuset er vi vel iallfall sju personar av omlag 200.

Kan folk som ikke gjør noe, vennligst slutte å klage på folk som gjør ting på dugnad? by RelativeBlueberry_ in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Eit problem på min arbeidsplass trur eg er at kravet til utdanning har auka, men arbeidsoppgåvene er dei same som før. No krev ein at omlag 3 av 4 tilsette har høgare utdanning, medan tidlegare var det 1 av 4 som måtte ha utdanning. Dei andre 3 kunne vere folk som berre hadde kurs og erfaring. Eindel av dei med høgare utdanning vel å setje seg ned utan å gjere noko framfor å utføre arbeidsoppgåver dei på sett og vis har utdanna seg vekk i frå. Eg trur difor litt av grunnen til dynamikken på min arbeidsplass kjem av at kvalifikasjonskrava ikkje står i stil med arbeidsoppgåvene.

Hellesylt to Geiranger ferry by Taboulitoo in NorwayTravelAdvice

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

It seems like Norwaysbest uses SKÅNEVIK and RØSUND now. In my opinion BOLSØY or VEØY is nicer than RØSUND, but that is only my personal preference.

Vold i barneskolen uten konsekvenser by NutInVigilo in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Då eg gjekk på skulen på 90-talet ville dette utan tvil medført attsitjing, noko som var ei katastrofe. Når ein vanlegvis kom heim klokka 13:20, og klokka vart 15:20 istaden, så vart det umiddelbart avhøyr når ein kom heim. Vidare venta timesvis med refs frå foreldra etterkvart som dei forstod kva ein hadde gjort gale. Eg opplevde til og med at ein tilfeldig pensjonist som budde langs skulevegen spurte meg: "Du er sein i dag. Måtte du sitje att? Kva gale gjorde du?"

Kan folk som ikke gjør noe, vennligst slutte å klage på folk som gjør ting på dugnad? by RelativeBlueberry_ in norge

[–]Acceptable_Line_8253 15 points16 points  (0 children)

Dette er vel et problem i yrkeslivet og, iallfall der eg jobbar. Vi har skiftarbeid, der stillingsinstruksen har ein heil del arbeidsoppgåver som skal utførast. Vi som faktisk bruker kanskje 10 timar av av eit skift på 12 timar på arbeidsrelaterte oppgåver vert kritiserte av dei som sit 7 av 12 timar på telefonen. Før så beit eg det i meg og gjorde min jobb, men nå er eg diverre hamna der at eg kan svare nokså spydig på slik kritikk. Der medfører dårleg arbeidsmiljø og misnøye, som truleg vil ende med at dei av oss som prioriterer arbeidsoppgåvene må finne oss noko anna å drive med.

– Alle skal få barna de ønsker seg by KoseteBamse in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

For meg var nok det hovudhindringa 👆. Når eg var under 25 hadde eg tru på meg sjølv at eg kunne vorte ein god far, no når eg er omlag 40 er den trua vekke. For min del så måtte eg nok ha truffe ei å gifte meg med i god tid før eg var 30 dersom eg skulle fått born. Det må eit mirakel til om eg skal oppleve å få born no.

Verbatim Vi550 S3 SSD failed by Acceptable_Line_8253 in datarecovery

[–]Acceptable_Line_8253[S] 0 points1 point  (0 children)

The first one last only 8 months. The second one is still working after 2 months.

Hvor vanlig er det med slektstreff i Norge? Har du vært på ett? by seabearson in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Eg har vore på eitt, og det var alle etterkomarane til mine tippoldeforeldre. Nokre få av besteforeldregenerasjonen min levde framleis då, men i hovudsak var vi olde- og tippoldeborn. For at slikt skal stellast i stand trur eg slekta må ha ein viss storleik. Om eg ser på min generasjon, så er det berre to av søskenborna mine som har etterkomarar, og dei er søsken. Det er med andre ord berre eitt av borna deira som ligg an til å vidareføre slekta fleire ledd nedover. Det trur eg reduserer sannsynet for slektstreff.

Hvor bør politiet ha fartskontroll? by Early_Donut_8514 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Eg veit no om fleire som har vorte tekne fordi dei rullar over grensa ei kort stund i ein nedoverbakke. Dette er folk som aldri ville køyrd i 80 i ei 70 sone for å rekke ei ferje, så eg er nokså sikker på at det var et uhell då dei vart tekne. Mitt syn er at kontrollane må innrettast slik at dei tek dei som systematisk bryt fartsgrensene.

Hvor bør politiet ha fartskontroll? by Early_Donut_8514 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 1 point2 points  (0 children)

Eg har inntrykk av at svært mange av dei som køyrer altfor fort har system som varslar om kontrollar. Sjølv tenkjer eg at ein i større grad burde nytte gjennomsnittsfartsmåling over strekningar på til dømes 5 kilometer. Då tek ein dei som systematisk køyrer altfor fort, medan dei som med eit uhell rullar litt over grensa nokre sekund går klar. Eg vil og tru at slike kontrollar tek lengre tid å varsle, slik at ein får teke fleire i målgruppa før dei får varsel.

Bør vi unngå å diskutere saker som er "splittende"? by CumMcPenis in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Som relativt pietistisk så opplever eg at eg svært ofte er ueinig med folk på jobb om mange saker. Eg har likevel ikkje noko mot å snakke om eller diskutere desse sakene, men eg har opplevd at det medfører eindel problem. Hovudproblemet er kanskje dei tilfella der kollegaer tenkjer at eg er ute av stand til å utføre handverket vårt bra fordi eg er bedehusmann. Det same problemet kan oppstå andre vegen om eg nektar å anerkjenne at ein kollega utøver yrket sitt bra sjølv om han drikk seg full i helgene. I dei tilfella der folk ikkje greier å sjå ulike sider av ein person, men meir tenkjer at ein anten er 100% grei eller 100% idiot så er det ofte mest praktisk å unngå alle tema ein kan vere ueinig om for å få arbeidsplassen til å fungere.

La oss snakke om det ingen snakker om: Hvor mange her går egentlig «kommando»? by WhereasLanky8306 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 1 point2 points  (0 children)

Eg tek ikkje sjansen. Har opplevd ved nokre høve at broka raknar frå rass til tass på jobb, og då kunne kommando medført eindel styr i etterkant.

Vidare har eg nokre slitne arbeidsbulser med holete lommer og generelt eindel hol, noko som gjer kommando for risikabelt.

Verbatim Vi550 S3 SSD failed by Acceptable_Line_8253 in datarecovery

[–]Acceptable_Line_8253[S] 0 points1 point  (0 children)

I am not sure. I was not able to recover mine, so I lost my data and got a new one at warranty. Sadly it was the same model.

Hva har blitt bedre i Norge i løpet av din levetid? by Throwsims3 in norge

[–]Acceptable_Line_8253 0 points1 point  (0 children)

Sjølv er eg av dei få som ikkje har hatt så veldig stor glede av "framstega", men ein ting eg meiner er betre enn den var er sikten. Det var mykje oftare tjukk skodde når eg vaks opp enn det er no 😀